Våpenutlån

Ønsker du å låne ut eller låne et våpen?

Våpenloven sier i kapittel 18 noe om utlån av våpen.

Her er Politiets utlånserklæring og et utdrag fra våpenloven og våpenforskriften.

Her kan skjemaet åpnes som en PDF-fil, på politets side.

Husk på å skrive ut 2 stk, en til utlåner og en til den som låner.


Våpenloven § 18.  Lån eller overlating av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon


Den som har løyve til å ha løyvepliktige skytevåpen og våpendelar etter §§ 5 eller 6, kan låne tilsvarande gjenstand. Utlånar må tryggje at låntakar har løyve før han låner han ut, og skal gje ei skriftleg fråsegn om utlånet.


Den som ikkje har løyve etter første ledd, må ha løyve frå politiet for å kunne låne løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar. Kapittel 4 og 5 i denne lova gjeld tilsvarande for løyve til lån av skytevåpen eller våpendelar.


Den som har skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er fritekne frå løyveplikt etter §§ 5, 6 eller 7, kan ikkje låne ut eller overlate gjenstanden til personar under 18 år, med mindre vedkomande har særskilt løyve etter § 15 andre ledd. Dette gjeld også for gjenstandar som er underlagde særskild aldersgrense i medhald av § 41 nr. 14.


Første, andre og tredje ledd gjeld ikkje for kortvarig overlating av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon under forsvarleg tilsyn av eigar eller løyvehavar eller av nokon som handlar på vegne av eigar eller løyvehavar. Skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon kan likevel ikkje overlatast til personar som enten har fått tilbakekalla løyvet etter § 31 første ledd første punktum, som er gjeve forbod mot å erverve eller ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter § 31 andre ledd, eller når det elles er grunn til å tru at vedkomande ikkje oppfyller vilkåra etter § 16.


Endra med lov 7 mai 2021 nr. 33 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1415).



Våpenforskriften § 6-9.Krav til utferding av fråsegn ved utlån av skytevåpen og våpendelar


Den som lånar ut løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar til andre, skal gje mottakar ein skriftleg fråsegn om utlånet med følgjande innhald:


1.långjevar og låntakar sine namn og adresser,

2.nummer og namn på utferdande mynde på långjevar og låntakar sitt våpenløyve,

3.våpentype, kaliber, fabrikkmerke og nummer på dei skytevåpen eller våpendelar som lånast ut,

4.kva skytevåpena eller våpendelane skal brukast til, og

5.tidsrommet skytevåpena eller våpendelane er låna ut.


Fråsegna om utlån saman med løyvet til ha den aktuelle våpentypen gjeld som våpenkort.


Krava til fråsegn etter våpenlova § 18 gjeld ikkje for utlevering av skytevåpen eller våpendelar til godkjent tilverkar, børsemakar eller våpenhandlar i samband med reparasjon, ombygging eller kommisjonssal, samt ved kortvarig overlating av skytevåpen eller våpendelar under forsvarleg tilsyn.